Vedlegg
Rekneskapsloven krev at registrerte opplysningar skal vere dokumenterte ved vedlegg. Når ei bedrift betaler husleige over giro, sit ho igjen med ei kvittering. Sel bedrifta varer eller tenester, sender ho ein faktura og sit igjen med ein kopi. Giro, kvitteringar og fakturaer er eksempel på vedlegg som dokumenterer økonomiske handlingar. Registrering og dokumentasjon står altså i fokus.
T-konto
T-kontoen er eit hjelpemiddel som gjer det mogleg å registrere dei økonomiske handlingane på ein ryddig og informativ måte. Han er forma som ein T og har to sider. Venstre side kallar vi debet og høgre side kredit. På ein slik T-konto er det mogleg å registrere både utgifter og inntekter. Saldoen – nettoen – på kontoen er differansen mellom dei registreringane som er gjorde til debet og til kredit.
Dobbelt bokhald
Prinsippet om dobbelt bokhald går ut på at kvart enkelt vedlegg skal registrerast to gonger – ei debetpostering og ei kreditpostering. Set vi pengar inn i banken, krediterer vi konto for kontantar og debiterer for eksempel konto for bankinnskot. Prinsippet fører til at summen av debiteringar og krediteringar talmessig alltid er i balanse.
Balansen
Balansen viser kva eigedelar bedrifta disponerer, og korleis dei er finansierte på eit gitt tidspunkt. Dette kjenner du frå etableringsfasen, der vi laga ei oppstilling over kapitalbehovet gruppert på anleggsmidlar og omløpsmidlar og deretter utarbeidde eit forslag til finansieringsplan. Vi seier at balansen viser den økonomiske stillinga i ei bedrift på ein bestemt dato.